SPRÅKVASK

Når ein språkvaskar, gjeng ein grundig til verks for å skape godt språk og god flyt i teksten. Ein ser på ordval, formuleringar og setningsoppbygging og passar på at teksten er lesarvenleg. Er det tydeleg kva teksten er meint å formidle eller må det endringar til for at han på best mogleg måte skal nå fram til målgruppa?

 

Alt som blir lagt vekt på når ein les korrektur, slik som grammatikk, skrive- og teiknsettingsfeil osv., er også ein del av ein språkvask.

 

Eg tilbyr språkvask av tekstar på nynorsk, bokmål og engelsk. Kontakt meg for pris.