OM MEG

Hei!

Eg heiter Åshild og held til på ein gard i Vest-Telemark. Så lenge eg kan hugse har eg vore interessert i språk og rettskriving. Engelsk har alltid vore favorittfaget mitt på skulen, og eg gjekk difor vidare med det på universitetet der eg tok eit årsstudium i engelsk og ein bachelorgrad i engelsk oversetting og interkulturell kommunikasjon. I samband med bachelorgraden studerte eg to semester i Victoria i Canada, der eg fekk oppleve korleis det er å bruke engelsk dagleg. Der studerte eg blant anna fransk og tysk, og tysken vart med meg tilbake til Noreg. Eg har alltid hatt nynorsk som hovudmål og har aldri bruka nokon annan form. Difor er korrektur og språkvask på nynorsk samt oversetting til og frå nynorsk noko av det eg tilbyr, og er særleg interessert i. Eg har hatt fast arbeid i ei bedrift som spesialiserer seg på språk- og skrivetenester. Gjennom denne jobben og som frilansar har eg opparbeidd meg erfaring med ulike typar tekst, faglitteratur som skjønnlitteratur.

Ønsker du hjelp med teksten din? Ta gjerne kontakt med meg!