KORREKTURLESING

Før ein ser seg heilt ferdig med ein tekst, er det lurt å få han korrekturlest, særleg dersom han skal publiserast. Med korrektur er det meint ei siste gjennomlesing for å vere sikker på at alt er som det skal. Her korrigerer ein skrivefeil, teiknsettingsfeil og grammatikk samt passar på at namn, terminologi og andre ordval er konsekvente gjennom heile teksten.

 

Det som ikkje blir gjort noko med i ei korrekturlesing, er korleis teksten flyt, og om han er lesarvenleg. Då må ein ty til språkvask.

Eg tilbyr korrekturlesing av tekstar på nynorsk, bokmål og engelsk. Kontakt meg for pris.